hits

Blogg 11. Trenarutdanning i Noreg og Europa.

Grasrottrenar, UEFA B-lisens, UEFA A-lisens og UEFA PRO-lisens.

Eg har frå gamalt av etter 3 år på Idrettslinja på vidaregåande skule ei gamal trenar B-utdanning. Denne er ikkje verdt noko i dag då trenarutdanningsløpet er heilt lagt om. Den trenarutdanninga hadde tilsvart grasrottrenar i dag, men for at eg skal få den må ein gjennomføra nokre kurs so gir nokre vekttal slik at ein blir godkjent. Ingen problem med det. Det er ikkje fokuset mitt her.

Eg har sett litt på kva so krevst på dei forskjellige utdanningstrinna på trenarstigen. Alt er saksa frå fotball.no.

Grasrottrenar:

Fotballfaget:

  • Å planlegge og gjennomføre god fotballaktivitet
  • Å veilede spillerne og laget på en god måte under trening og i kamp
  • Å benytte seg av NFFs skoleringsplaner og Langslagsskolens samt å bruke Treningsøkta.no inn mot spillere, lag og klubb  
  • Om totalbelastning, skadeforebygging, kosthold og restitusjon
  • Fotballfysikk
  • Målvakten og laget

Utvikling og læring:

  • Treneren som rollemodell for trivsel og miljø
  • Å kunne tilrettelegge for riktig og tilpasset fotballaktivitet
  • Å vektlegge en mestringsorientert tilnærming til læring
  • Å benytte seg av feedback og veiledning som er mestringsorientert

 Klubben som sjef:

  • Fotballens verdigrunnlag og konsekvenser for treneren, laget og klubben
  • Tilrettelegge for ulike løp i barne- og ungdomsfotballen  
  • Trenerens rettigheter og plikter
  • Lagets og klubbens årshjul

UEFA B-lisens:

Hovedtemaer

  • Praksisøkter, herunder planlegging, gjennomføring og evaluering av treningsøkter
  • Ledelse
  • Læring og formidling
  • Spillerutvikling, blant annet «NFFs Landslagsskole» 13-16 år
  • Fysisk trening
  • Kampanalyse

UEFA A-lisens:

UEFA A-lisensutdanningen består av tre fellessamlinger over totalt 16 dager. I tillegg kommer:

  • Mellomfasearbeid i egen klubb
  • Besøk fra veileder i forbindelse med kampforberedende trening og kamp med eget lag
  • Observasjon av en annen kursdeltakers arbeid med kampforberedende trening og kamp
  • Et seks måneders selvstudium med skriftlig innlevering av oppgave

Hovedtemaer

  • Praksis på treningsfeltet. Herunder planlegging, gjennomføring og evaluering av treningsøkter
  • Å se fotball i et flerdimensjonalt perspektiv
  • Ledelse
  • Læring og formidling
  • Spillerutvikling
  • Fysisk trening
  • Kampanalyse
  • «Livet i toppklubb»

UEFA PRO-lisens:

  • Fotballfaglig kunnskap
    • Fotballfilosofi
    • Referanseoversikt
    • Analyse
    • Periodisering av trening
    • På treningsfeltet
    • I kampen
  • Læring
    • Strategier for læring
    • Standarder for kvalitet og læring
    • Å utvikle et læringsmiljø i en prestasjonsgruppe
  • Lederskap
    • Strategier for lederskap
    • Situasjonsbasert ledelse på relevante arenaer
    • Kommunikasjon i praksis'
    • Teambuilding
    • Lag, og lag i laget
    • Krisehåndtering
  • Klubb, organisasjon og andre aktører i toppfotballen
    • Klubbmodeller
    • Spillerlogistikk
    • Reglement
    • Eksterne relasjoner
    • Interne relasjoner
  • Egen identitet og utvikling som trener
    • Egen trenerfilosofi
    • Systematisk i egenevaluering og utvikling 
    • Å ta vare på seg selv, som topptrener og person

Eg ser kanskje at dette vart litt langt og turt stoff, og so beklagar eg at eg ikkje har oversatt det til nynorsk.

Etter kva eg kan sjå so ser eg ikkje at pedagogikk er nemnt med eit einaste ord i trenarutdanningsløpet. Eg ser at det kan komma inn under nokre bolkar, men det er altso ikkje nemnt. Er ikkje det litt spesielt? Her må gjerne folk korrigera meg viss eg er heilt ute og køyrer. Men i mitt hovud burde det vore tillagt stort fokus då ein so trenar jobbar med mennesker og då spesielt born og unge i det daglege. Spesielt viss ein er topptrenar der ein har ei spelargruppa so strekkjer seg frå 17 til 42 i Sogndal sitt tilfelle. Difor tykkjer eg at pedagogikk burde vore tiltenkt ei mykje større rolle og fokus i trenargjerninga.

Vyrdsamt

Vidar

Blogg 10. Eg kjem aldri, ALDRI til å snu ryggen til klubben.

Men akkurat no er det tungt. BLYTUNGT.

Siste veka har vore blytung. Etter bananskalet borte mot Strømmen tysdag skulle Sogndal røysa kjerringi heima mot Florø i fjordaderbyet heima på Fosshaugane. Det gjekk den vegen høna sparkar, noko so i dette tilfellet var rett vest. Der Florø høyrer heime. Tungt, tungt, tungt. Florø var best både på bana og tribuna og all æra til Stimen for det. Fin gjeng.

Det eg vil snakka litt om er kva Sogndal betyr for meg. Eg er ein ekta lokalpatriot. Eg elskar alle suksesshistoriar i mitt nærmiljø innan sport. Om det er Juniorlaget til Kaupanger Dame i Norway Cup og NM, MMA-utøvaren Tiago Mendez, Driftarane Nornes, Lægreid og Tangen eller kven so helst andre so lukkast innanfor det ein driv med. Dei er frå Sogndal. Dette er våre folk, jenter og gutar, damer og herrar. Og det gjer meg so inderleg stolt. At ein kan slå seg på brystet og sei at me er frå Sogndal. Me skal og vil opp og fram. Alle dei utøvarane so lukkast blir løfta fram av folka rundt seg. Mange personar legg ned mykje tid for at dei skal lukkast. Slik er det her i Sogndal, og slik har det alltid vore. Og det må til skal ein ha ein sjanse til å lukkast. Ein klarar ingenting viss ein står åleina.

Sogndal. Bygda der eg er oppvaksen. Trur eg vart teken med på Fosshaugane første gongen i 1983. Har vore supportar sidan. Og eg er ikkje eineståande. Det er mange so har eit so sterkt forhold til Sogndal so eg har. Men no merkar eg at det blir tynnare i rekken rundt laget vårt. Hove-saka, spelarkjøp, mangel på ein tydeleg raud tråd i spelet, talentutvikling osv. osv. Eg ser at Rasmus Mo har ein ekstremt tøff jobb som omdømeleiar i Sogndal Fotball. Det er særs vanskeleg no å halde troppane samla og få alle til å dra i same retning. Ein skal ha respekt for jobben dei gjer. Det er ei 100% stilling og 50% dugnad. Minst. Og det gjeld alle ansatte. Men ein skal ikkje stikka under ein stol at Sogndal Fotball engasjerar. Og det skal det gjera. Eg trur alle i bygda har ei meining om laget vårt. Og det er bra. Det betyr at det er eit sovande engasjement i bygdi. Og det kan vekkast til live. Men då må ein trykka på dei rette knappane, og det skal iallefall eg vere ein bidragsytar for. Eg kan kanskje kalla meg ein stor supportar og eg kan også vere kritisk, men alt er i beste meining. Og den retten meinar eg at folk skal få ha, for i Sogndal skal takhøgda vere stor.

Hadde forøvrig besøk av Niamh O'Mahoney frå Supporters Direct Europe i helga. SD Europe er paraplyorganisasjonen til Norsk Supporterallianse som i igjen er paraplyorganisasjonen til Saftkokaradn. Eg vart kjent med ho gjennom seminar i deira regi i Manchester og Gelsenkirchen. So leiar i Norsk Supporterallianse so hadde eg invitert ho på klubbesøk denne helga. Ho fekk sjå det beste so Sogndal har å by på med stavkyrkja på Kaupanger, Brævasshytta og Bøyabreen i Fjærland og Open gard på Fretland på laurdag. Og sjølvsagt supportartreff på Lægreidspuben. I tillegg vil eg retta ein stor takk til Rasmus so ga oss ei omvising på Fosshaugane der me fekk vist ho korleis me har bygd stein på stein i Sogndal. Niamh var strålande nøgd med opphaldet, sjølv om resultatet uteblei, og ønskjer seg attende ved eit seinare høve. So takk til alle so var med og bidrog.

Vyrdsamt

Vidar

 

Blogg 9. Årsmøtetid og vegen vidare.

Det nærmar seg årsmøte i både Sogndal Idrettslag(SIL) og Sogndal Idrettslag Fotball(SF). SF er først ut med sitt årsmøte onsdag den 7.mars kl 18.00 og SIL med sitt årsmøte mandag den 19.mars kl.18.00. Begge årsmøta vert haldne i Flostova på Fosshaugane Campus.

Etter mange år so leiar i Saftkokaradn og ein ivrig patriot av bygdi og Sogndal Fotball so er det ein ting eg er litt oppteken av no. Eg har alltid vore oppteken av rettferd og at folk so er med på å driva klubben framover skal ha noko att for den dugnaden og arbeidsinnsatsen dei legg ned. SIL og SF er med i ein idrettslagsallianse og SF pliktar å nytta same namn og logo og er i tillegg til dette bundne av allianseidrettslagets lov og vedtak. Interessant? Vedtektene i SIL og SF er dei same. Både SIL og SF er eigd av medlemmane. Altso meg og deg. Sogndal Idrettslag Fotball(SF) eig Sogndal Fotball AS(SFAS). Eit aksjeselskap og dotterselskap av SF. Dette aksjeselskapet er 100% heileigd av SF. Altso meg og deg. I 2016 omsette SF og SFAS for over 104 millionar tilsaman. Og ein kunne levera eit småpent overskot på over 6 millionar. Det er alvorleg mykje pengar. Den økonomiske skilnaden mellom SIL og SF er enorm. Og eg er redd den blir større i åra so kjem viss me ikkje tek grep no. I den vesle bygda her burde ein so absolutt ha delt meir på dei idrettslege godene. Det er dei same folka so står bak begge klubbane og eg kunne godt tenkt meg eit betre samarbeid i alliansen. For det er jo det det er. Me er ein allianse og me sit i same båten. Me atterhald om at det er juridisk lovleg so kunne eg tenkt meg at SF ga f.eks. 20% av overskotet sitt til SIL. Og so kunne ein kalla det solidaritetsmidlar. Kvifor meinar eg dette? Jau, no skal du høyra. Det er alvorleg mykje pengar i fotballen i dag. Og Fosshaugane Campus er blitt ei pengemaskin so SF haustar godt av. Pga at det er mykje pengar i fotballen profitterar dei på det, sjølv om SIL er med på å utvikla unge utøvarar. Ta eksempelet Eirik Bakke. Seld til Leeds på slutten av 90-talet for 45 millionar kroner. Han har sjølv uttalt at hadde det ikkje vore for at han hadde spelt handball og gått langrenn om vinteren i SIL so hadde han aldri blitt ein so god fotballspelar so han vart. Noko å tenkje på? Kva skjer når den neste Eirik Bakke dukkar opp? Skal SF ha alle pengane, sjølv om ei eller fleire undergrupper i SIL har vore med å forma utøvaren opp gjennom åra?

Samstundes kunne eg tenkt meg at det kunne vore eit betre sportsleg samarbeid på tvers i alliansen. Mange idrettar brukar mykje dei same muskelgruppene og ein kunne køyrt felles treningar med fokus på basisdugleikar so styrke, koordinasjon, balanse osv. osv. SF har i tillegg samarbeidet sitt med høgskulen so SIL òg kunne hatt god nytte av. Her er det berre å ta opp hansken og starta samarbeidet.

Eg har høyrt frå mange foreldre her i bygda at når ungane er ferdig med fotball so skal dei ikkje jobba ein einaste time til på dugnad for SF. Det er veldig mange so reagerar på "skeivfordelinga". Kvifor skal det vere slik? Eg tykkjer det er utriveleg å bli konfrontert med slike utsegner, når eg er so glad i fotballklubben min so eg er. Eg har 2 ungar sjølv og er oppteken av dei dei skal ha gode råmer for å driva idrett i denne bygda. Jentungen blir 9 i år og er med på fotball, handball, langrenn og turn. Flotte arenaer alle idrettar. Gutungen blir 4 i år og er med på barneidrett. Me stiller på dugnad med godt humør. Endå.

Det hadde vore heilt fantastisk om me kunne snakka i lag i denne bygdi. Fått med alle på same laget. Ta dei tøffe debattane om vegen vidare. Sogndal toler det. Og me må tola det sjølve. Årsmøte er klubben sitt øvste organ. Du kan gjera ein skilnad. Møt opp, ta del. Det fortener Sogndal og det fortenar meg, deg og ungane våre.

Blogg 8. Supportar-Noreg og alle dei fantastiske folka ein møter.

No er det vél ei veke sidan me i Norsk Supporterallianse(NSA) gjennomførte Årsmøte 2018 og årets Supportarseminar på Ullevål. Eg har vore styremdlem hjå NSA i 2 år no, og stod på gjenvalg denne gongen. Lukkelegvis so viste årsmøtet meg tilliten verdig og valde meg inn for 2 nye år. Takk skal de ha.

Det eg vil skriva litt om denne gongen er alle dei fantastiske personane ein er so heldig å få møta i Supportar-Noreg. Eg har vore Sogndalsupportar so lenge eg kan hugsa. Fekk foreldra mine til å køyra på bortekamp før eg var ferdig med ungdomsskulen. Dei var interesserte dei óg altso. Reiste på min første bortekamp utan foreldre når eg var 16. Eg og ein kamerat hadde med lapp heimanfrå til bussjåføren om at det var godkjent at me reiste. Fekk med meg dei siste åra av Fleskaberge, før Saftkokaradn såg dagens lys i januar 2001. Frå 2003 har eg hatt eit eller anna verv i Saftkokaradn, og dei siste åra so leiar. Eg må vel betrakta meg sjølv so ein gammal travar so supportar etter alle desse åra. Dei 2 siste åra har eg óg vore styremedlem i NSA, noko eg tykkjer har vore særs lærerikt.

På denne vegen har eg møtt so utruleg mange kjekke og flotte folk. Folk so er lika dedikerte, engasjerte og pratesalige so ein sjølv. Dei held berre med eit anna fotballag. Divided by colours - united we stand. Dette er folk so legg ned eit ufatteleg stykke frivillig arbeid for at alle skal ha ei kjekk kampoppleving. Eg har fått so mange gode vener i dette miljøet på desse åra at eg er sikker på at dette venskapet varar livet ut. Det er so ordtaket seier, like born leikar best. Når det har vore kampar i Sogndal og overnattingsmoglegheitene har vore fullbooka her i bygda, so har eg tilbydd gjesterommet på loftet. Det kan òg vere folk so reiser på budsjett so treng overnatting. Det er ikkje gratis å vere fotballsupportar, og då prøvar ein å spara pengar der ein kan. Der det er hjarterom er det husrom.

Eg hugsar ein gong for mange år sidan før ein kamp på Lægreidspuben. Eg hugsar ikkje kva lag me spelte mot ein gong. Men det er noko so har brent seg fast på oppe i skjelta frå den gongen. Eg satte meg ned ved eit bord på uteserveringa med nokre av dei eg har blitt kjent med frå Supportarseminaret. Bortesupportarane har alltid vore velkomne hjå oss. Då eg skulle inn i baren gjekk eg forbi nokre Sogndalsupportarar so sat inne å såg fotball på TV'en. Dei ga meg klar beskjed om at eg ikkje kunne sitta ved same bordet so motstandaren sine supportarar. Eg veit ikkje heilt korleis eg reagerte på det då, men eg har ofte tenkt på det i ettertid. Er det slik me møter våre gjestar? Er me sogningar so lite gjestfrie? Eg har opplevd slike situasjonar fleire gonger, men ikkje siste 7-8 åra. So eg håpar me er komne litt lenger på denne tida. Dei eg sat med denne dagen var akkurat dei same folka so ga meg beskjed. Det var berre draktfargen so var annleis. Hadde dei med fordommane teke initiativ, so hadde dei mest truleg fått seg nye vener for livet. So det er eigentleg moralen her. Vér open og inkluderande, det er mykje kjekkare enn å vere innadvendt. Ein fotballkamp varar 2x45 minuttar. Venskap varar livet ut.

 

Blogg 7

Me skriv 12.januar 2018. Sogndal er eit OBOS-lag. Me skal spela mot Florø i år. I serien. Me har ikkje møtt eit lag frå eige fylke i serien sidan 1976. Blir moro det. Eg likar Florø eg. Mykje kjekke folk. Sidan eg vart i lag med fruen i 1999 so har det blitt ein haug med turar til kystbyen. Og eg har fått mange gode kameratar der so alltid er kjekke å helse på. Og ein er alltid hjarteleg velkomen hjå Kåre'n på Bua. Saftkokaradn fekk julehelsing frå Stimen i fjor. Tippar dei gledar seg like mykje so oss å spela mot kvarandre. Det blir 2 kjekke helgar. 1.Juli i Florø og 19.august i Sogndal. Dei helgane er allereie sett raud ring rundt. Då er me klar. Og det håpar eg heile fylket er óg.

Saftkokaradn gjer seg klar til ein ny sesong. Sjølv om det ikkje blir spelt teljande kampar, so er det no ein verkeleg gjer mykje arbeid. Me er 3 damer og 4 menn i styret og me elskar Sogndal. Dette er frivillig arbeid, og me gjer det fordi me elskar Sogndal og me vil at Sogndal skal ha ein oppegåande supportarklubb so støttar laget både på Fosshaugane og på utebana. Me skal vere ein solid bidragsytar for at spelarane skal kunna gi det beste dei har ute på bana. Men dette kostar. Me lev frå hand til munn, men me brukar ikkje meir pengar enn det me har. Viss me set opp buss, og ser me går mange 1000 i minus, so avlyser me turen fordi me ikkje vil gå dukken. Den klart største inntektskjelda vår er medlemsavgifta. Men me kunne godt tenkt oss både sponsorar og støttemedlemmar. Difor har me i år opna for at ein kan kjøpa støttemedlemsskap i Saftkokaradn. Du kan sjølvsagt bidra med so mykje du vil viss du tykkjer me gjer ein bra jobb, men støttemedlemskapet kostar 100,- og det vert sett umåteleg stor pris på. Det er også mange so kjøper vanleg medlemskap til 250,-, men so har tilhaldsstad andre plassar på stadion enn bak målet med oss. Det står det respekt av. Støttemedlemskap og medlemskap får ein betalt med VIPPS på 99379 eller kontonr. 3720.16.03588. Alle bidrag blir lovprisa.

Me har mange personar i denna bygdi so gjer mykje ekstra for både fotballen, men óg andre friviljuge organisasjonar. Utan desse friviljuge hadde mange av oss ikkje hatt eit fritidstilbod. Og borna våre hadde heller ikkje hatt eit tilbod. Det er viktig med engasjement. Og det er viktig at ein har noko ein brenn for. Det er gratisarbeid, men kjensla ein får av å gleda andre er ubetaleleg. Ingenting kan måla seg med det. Difor er det viktig at ein pratar godt om dei so gjer litt ekstra for at andre skal ha det bra. Ta politikarane våre til dømes. Dei har vore gjennom ei knalltøff tid der dei har behandla kanskje den tøffaste saka i Sogndal Kommune gjennom tidene det siste året. Det er knalltøft. Det har vore ei tung sak, og enormt med sakspapir og gå igjennom. Dette er vanlege folk so meg og deg so antakeleg har brukt all si fritid på å setta seg inn i saka med x-antal timar med lesing av dokument. Det er nesten ein Urias Post, men nokon må gjera jobben. Nokon må ta eit tak for at me andre so sit på utsida skal ha det bra. Tenk deg godt om sjølv. Kva brenn du for? Kven har du lyst å ta i eit tak for? Alle sit inne med ein eller annan form for kompetanse so ein eller annan friviljug organisasjon har bruk for. Engasjer deg til det beste for dei rundt deg og for at alle i denna bygdi kan ha eit tilbod om eit eller anna so interesserar dei.

Me i Saftkokaradn óg har folk so engasjerar seg. So gir litt ekstra for at me andre skal ha da bra. Ein av dei mange heiter Njål Sire. Han driv med musikk og har laga ei supportarlåt til oss i Saftkokaradn. Han fekk bandet sitt, Ivar and The Happy Lundefugls, til å spela inn låta, og so har eg og Therese Blomberg Flæte i Saftkokaradn vore med og kora. Marita Myklemyr Holen har stemma du får gåsehud av i midtpartiet. Jonn Erik Aasen, Ivar Bruheim og underteikna har vore samtalepartnarar etter kvart so låta har skrede fram. So har eg laga ein video med stillbilder til låta so er henta frå Facebooksida til Saftkokaradn. Bileter so er delt av medlemmane. Håpar de likar låta. Tusen takk Njål frå alle oss i Saftkokaradn.


 

Blogg 6. Om Kosovo, fotballfri og britiske soldatar.

I august 1998 so reiste eg i militæret. Eg hadde eigentleg søkt meg til Sjøforsvaret på begge vala mine etter sesjon, men eg hamna i Telemarks Bataljon, so den gongen låg på Kongsberg, av alle ting. Eg visste jo godt kva TmBn var og hadde høyrt at det var ei sinnsjuk hard teneste.  Difor hadde eg ikkje særleg lyst å bli der so veldig lenge. Såg eigentleg føre meg ei slakk teneste Og med tanke på at eg ikkje kjende nokon der, so var heimlengten stor. Men unge Vadseth er ekstremt tilpasningsdyktig, so det gjekk seg til etterkvart. Eg hamna på rom med greie folk, og eg trur eg var grei med dei óg. Mange hadde sjølvsagt problem med dialekta mi, og eg nekta på kniven å legga om. Martin Leira so låg på same 4-manns rommet so meg hadde ei bestemor frå Hyllestad i Ytre Sogn, so han fungerte so tolk. Troppsjefen min, Øyvind Ravndal, kom i frå Voss, so me skjønte kvarandre godt óg. Allereie då pleide eg å stikka meg fram og kom lett i kontakt med folk, og eg trur det var difor at troppen ville ha meg so tillitsmann. Eit verv eg hadde i nesten 2 år.

Til jul so fekk me so var att i Troppen tilbod om å skriva kontrakt med TmBn. At ein då vart ein verva soldat. Planen då var at kompaniet mitt, KpC, skulle avløyse kompaniet so då var i Sarajevo i Bosnia i SFOR-styrken. Eit stortingsvedtak rundt mars 1999 sette ein stoppar for det. Då vedtok Stortinget at Noreg skulle senda ein heil bataljon til Kosovo for å vera Noreg sitt bidrag til KFOR-styrken. Dette skulle då bli den største utanlandsstyrken Noreg har sendt ut etter Tysklandsbrigaden i etterkrigsåra. Forøvrig kan eg nemna at farfar min tenestegjorde i Tysklandsbrigaden der han var stasjonert litt nord for Hannover. Pga forandringane i planane so vart me no sett til eit oppdrag so var meir omfattande enn det me eigentleg skulle på. Fordelen til kompaniet vårt var at me var byrja å bli veldig godt drilla saman, og på dette tidspunktet kjende kvarandre godt. Avreise vart satt til månadskiftet august/september 99.

For meg var det ikkje enkelt å velgja vekk fotball og Sogndal og trygge omgjevnadar heime. Men eg hadde eit inderleg ønskje akkurat då om å gjera ein innsats for verdsfreden. Og eg følte at eg og mine soldatkameratar var godt førebudd til å løysa oppdraget, og eg stolte 100% på alle mann. Me var veldig trygge på oss sjølve. Avgjerdsla førte til at eg mista haustsesongen 1999 og halve vårsesongen 2000 so Sogndalsupportar.

Sidan me var del av den første kontigenten i Kosovo so var det veldig lite infrastruktur i leiren vår. Den låg ca 8 km nord for Pristina på eit utbomba industriområde i nærleiken av ein landsby so heiter Lebane. Dei 3 første månadane budde me stort sett i telt og lokalt hjå innbyggarar i dei forskjellige serbiske landsbyane me skulle beskytta. Kjem aldri til å gløyma pannekakene til Dusan. Dusan var ein mann i slutten av 50-åra so hadde det største huset i Lebane landsby. Me hadde OP på øverste altanen i huset hans. Han elska sjakk, pannekaker med sirup og slivowitz.

Moglegheiten for å få sjå fotball var minimal. Sidan me ikkje hadde leiren oppe å gå endå, so var det dårleg med TV og kanalar å velgja i. Men eg vart god kamerat med grenader Dahl i troppen min, og han var like interessert i Liverpool so eg var. Grenader Dahl var den so hadde ansvaret for køyretøya i troppen vår, slik at han kunne rekvirera det han ville når han ville. Når me begge hadde fri so køyrde me ned i ein britisk leir so låg mellom Pristina og Kosovo Polje. Me hadde høyrt rykte om at dei hadde Sky Sports på storskjerm der. Og det var bingo på første forsøk. Endeleg hadde me funne oss ein trygg plass å sjå fotball, og i tillegg var det godt å kome ut av eigen leir og ned til britane. Det stod alltid mat framme og det hendte jo at me vart matleie og det var godt å få flesk og bønner hjå britane. Det vart mange turar ned der. Og so bytte me på kven so fekk ta seg 2 halvliterar til kampen. 2 halvliterar i døgnet, viss du hadde fri, var grensa for oss norske soldatar der nede. Såg ikkje ut so britane hadde noko grense. Eine gongen braut det ut fullt slagsmål i barteltet mellom Liverpool og Unitedsupportar. Jøsses. For eit liv. Militærpolitiet fekk nok å gjera og det vart temmaleg mange i kakebua etterkvart. Moro for oss 2 so var fluga på veggen.

2 andre karar i kompaniet so óg var veldig fotballinteresserte var Martin Meyer og Erik "Gryta" Grytnes. Sistnemnde er no blitt kjendis gjennom "Jakten på kjærligheten" på TV2. Her er han ein av bøndene som søkjer etter kjæreste. Meyer er Tottenhamfan, mens Gryta er Chelsea. Etter at me fekk baren opp å gå i leiren vår so vart det mange fotballkampar med desse 2. Me reiste óg på 60-timars Leave til Thessaloniki, Hellas. Her var me på kamp med Aris Saloniki. Det var eit flott avbrekk i ein krevande kvardag. Me hadde berre 2 10-dagars permisjonar og ein 60-timars Leave på den tida eg var der nede. Eine gongen eg var heime på ein 10-dagars permisjon so skar alt seg på veg ned att. Forsvaret hadde charterfly so gjekk mellom Gardermoen og Skopje i Makedonia. Veret på Haukåsen kan ein ikkje stola på so eg mista flyet i Oslo. Då måtte ein ringa transportoffiseren so måtte ordna med nye flybillettar. Vart ein bra tur. Sogndal - Oslo - København - München - Thessaloniki. Og so taxi frå Thessaloniki til Skopje. Stod 2 karar og venta på meg i Hellas for å køyra meg til Makedonia. Artig oppleving for ein 21-åring frå Sogndal.

Eg skal koma attende med meir seinare i frå tida i Kosovo når eg har fått snakka med nokon av mine medsoldatar om kva eg kan skriva. Det er kanskje ikkje alt folk har lyst å ha på trykk. Det skjedde so mykje at eg sikkert kunne ha skrive ei bok. Hugsar mykje av det endå sjølv om det byrjar å bli snart 20 år sidan me var der nede. Hahaha, ja. Eg var jo på kontroll på Rikshospitalet i Oslo i går. Der jobbar det ikkje mindre enn 22.000 personar. Då møtte eg på Morten Havdal. Han var Troppsass. i troppen min. Eg visste han jobba der, men det er jo ein gedigen arbeidsplass. Han kunne fortelja at han var handkirurg og var kollega med Dr.Hestmo so opererte meg. Fekk ein gratiskonsultasjon i Glassgata av Troppsass'en. Artig gjensyn.

Det var alt for no. Snakkast. SNP

 

Blogg 5. Om Sognahallen, kretsmeistarar og ein forferdeleg fotballkamp på Nordfjordeid med Fjøra FK.

Sognahallen opna hausten 1998. Den vart ein revolusjon for lokalfotballen i Sogndal og omegn. No slapp ein å trena på ei botnfrosen grusbana vinterstid, og ein kunne trekka innomhus og under tak i småvarme 15 grader vinterstid. Eg hugsar godt gamle grusbana med is på sidene og beinkaldt langt inn i ryggmargen pga Dalatrekken. Men jaggu vart det gode fotballspelarar av oss óg. Og mange av oss so var fødd på 70-talet vart landslagsspelarar på aldersbestemt. I tillegg til grusbana so hadde me mange løkker rundt om i Sogndal. Det var nemleg strengt forbode å trena uorganisert på gras frametter 80- og 90-talet. Men trur du ikkje me prøvde oss lell? Var moro heilt til ein eller annan i SIL kom springande. Då var me allereie over alle haugar. Det kunne gå ei veke eller so før me prøvde oss att. Då var me på Røvhaugane, Haugen, Leikeplassen, Sauaperlao på Kvåle, bak Sogndal Idrettshall, Helgheim, Ulvahaugen, Stedje, Bana attmed billaget eller på asfalten i Trudvang. Jøsses for ei herleg tid. Blir varm om hjartet når eg tenkjer på det. Det var opp tidleg om morgonen når ein skulle på skulen. Måtte vera på Trudvang seinast 07.45 skulle ein få vera med på Storabanao. Då var det alltid dei 10 eller 12 første so fekk vera med. Og då spelte me til klokka ringte inn 09.00. Me hadde nokre enkle køyrereglar so alle vart indoktrinert i etter kvart so ein vaks til og fekk vera med i det store selskap. Etter skulen var det heimatt og få i seg middag før ein reiste(for min del) på Røvhaugane. Leksene vart kun prioritert når det var for mørkt å spela fotball ute. Flomlys var det kun på Leikeplassen i Rutlinslid. Eller flomlys er ei stor overdriving. Det var 2 lyspunkt so ein såg nokolunde. Ja, det er sanninga. Og på Røvhaugane var ein til det vart for mørkt å spela meir. I all slags vér. Buddleregn, sludd, snø, gjørmehav og sjølvsagt sol. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg måtte kle av meg på trappa heima i Klippavegen fordi mor mi nekta å sleppa meg inn med kleda full i gjørma. Og so måtte eg stå og spyla kleda med hageslangen etterpå før eg fekk komma inn. Eg høyrer foreldre klagar over at dei får so mykje gummigranulat i hus pga kunstgraset ungane spelar på i dag. Hahahahaha, eg trur de skal vera glad for at da ikkje er verre.

I dag spelar ungane innomhus og i varmegrader og vindstilla heile vinteren. Eg prisar meg lukkeleg over at me endeleg kan bruka Kvåle heile hausten og vinteren so lenge veret tillet det. Då kan endeleg ungane få litt vind i håret og bli gjennomblaute. Det har dei berre godt av. Kva skjer viss ein skal ut på Bryggja å spela Kretsfinale mot Måløy i 0 grader og sludd? Måtte sjølv spela der ein gong fordi vegen var stengd av ras, og me måtte ta båt i frå Stårheim til Bryggja for å få gjennomført kampen. Me rauk sjølvsagt 4-2, men tok dei 4-0 heima. Etter at me fekk storhallen har ungane blitt nokre pyser. Det er berre å sjå på statistikken. I år har me hatt Sognahallen i 19 år. Sidan den gong har Sogndal vunne KM-tittelen 2 gonger for Gutar og 2 gonger for Smågutar. Viss ein reknar seg attende i tid, frå 1998 og 19 år attende, so vann Sogndal 7 gonger for Gutar og 7 gonger for Smågutar. Tilfeldig? Eg trur ikkje det. Statistikken på jentesida er noko jamnare i dei same årsklassane, men no var det ikkje mange jenter so var med oss gutane på løkkene heller. Og dei få jentene so var med so trur eg over halvparten av dei vart landslagsspelarar på aldersbestemt. Og alt har ein ende. Med opninga av Sognahallen so vart det slutt på bruken av alle løkkene rundt om. Naturen tok over og no veks graset hoftehøgt kvar sommar rundt om i bygda. Det er ei trist utvikling. No skal alt organiserast og spør du ein 12-åring i Sognahallen med ballen under armen om han spelar mykje Proff og Loff eller 21, so ser han berre dumt på deg. Gjer dykk sjølv ei tenesta. Set i stand den lokale løkka dykkar. Slik at det freistar ungane å nytta den. Og so kan de lata vera å køyra ungane i Sognahallen for å aktivisera dei. Då får ein betre fotballspelarar og ungar i betre form. Bruk gjerne kommentarfeltet viss du er ueinig eller einig med meg.

 

Og so har eg ei historia til slutt i dag. Då eg spelte for Fjøra FK i 1998 so skulle me opp på Nordfjordeid å spela mot Eid. Me måtte difor ta ferja frå Anda til Lote. Eg vart sittande i bussen under overfarten, men kjende likevel at eg burde vore på dass. So rett før ankomst Lote so var eg so trengde at eg var berre nøydd å gå. Eg tenkte at viss me kjem i land før eg var ferdig so venta bussen på ferjekaien. Eg kom ut på ferja etter endt oppdrag, og der var sjølvsagt ingen buss. Ikkje stod den inne på land heller. Kva fan gjere eg no? Gjekk no i land og vandra mot den siste busstoppen før tunnelen. Det var 3 kvarter til neste ferja og då fekk eg problem med å rekka kampstart. Etter å ha venta i 20 minuttar kom det endeleg ein bil. Samstundes hadde Oppmann Kai funne ut at det var ein bag til overs i bagasjerommet på bussen. Eg fekk haik med ein lokal bonde so skulle på ølutsalet på Nordfjordeid. Han køyrde ein beige Toyota Hiace. Eg er sikker på at han har brukt bilen til å køyra sauer i, for det lukta noko hinsides. Trur faktsik nokre sauer hadde sjøldaua bak i der óg. Og takk gud for ølutsalet på Eid. Rakk kampen. Uanlell. Me spelte ein strålande kamp og leia fortent 4-0 når det var spelt 1 time. Men då gjekk me av bana, nesten bokstaveleg talt. På 28 minuttar so snur Eid kampen og vinn 5-4. Frode Taklo scorar hattrick. 2 av dei på hovudet. For dei so veit kven han er so er det ikkje hovudspelar det første du tenkjer på når du ser han. Ein svart dag i historia til Fjøra FK.

På søndag spelar Kaupanger sitt Damelag opprykkskamp på Kvednhushaugen mot Tromsdalen kl.12.00. Vinn dei den kampen er dei klare for opprykk til 1.divisjon. Etter ein strålande kamp borte mot Hønefoss sist, der dei vann 4-0, so inviterar heile Kaupanger på folkefest på Skogen førstkomande søndag. Her bør kaupingane og sogndølene komma og heia dei fram til siger. Kan me håpa på publikumsrekord? Skal me sei 1000 tilskodarar? Det fortenar dei. Møt opp og kle deg i noko grønt!

Snakkast. SNP

 

 

Blogg 4. Nok ei fotballhelg er over. Og resultata var til å grina over.....

Ja, det vart ein seig tur heim frå Lillestrøm søndagskvelden. Skikkeleg tungt var det. Mest spennande var vindkulene på Hemsedalsfjellet.

Helga starta med familetur til Florø. Fruen var ferdig på jobb klokka 16.00, so ungane og eg hadde pakka ferdig bilen før me henta ho og sette kursen mot Palmekysten og den einaste byen i Sogn og Fjordane. Då me kom fram vart det skikkeleg god Bremanger-krabbe og hummar so svigers hadde fanga i rusene på Nødset. Dette var eigentleg ei travel fotballhelg, men me fek pressa inn litt familieliv. Sidan Liverpool - Manchester United gjekk på laurdag med kampstart kl.13.30 so måtte eg vera kreativ på logistikkfronten. Lukkelegvis har eg mange kjentsfolk rundt i fylket etter mange aktive år både med fotball og handball, og ut av det blå so var det ein gamal kjenning so skulle frå Florø til Vik i Sogn og dømma denne laurdagen. Avreise Florø var klokka 11 og eg rakk kampen med 5 minuttar. Kampen var akkurat so forventa. Liverpool spelte og United ville ikkje vera med å leika. Dei parkerte bussen og kampen enda 0-0. Kjedeleg.

Avreise Lillestrøm dagen etterpå var sett til 08.00. Det er so typisk at når ein skal ut på tur for å følgja laget sitt so slit ein med svevnen og vaknar grytidleg. 05.17 var klokka då eg slo opp augene. For det første trudde eg at eg hadde forsove meg, men eit kjapt blikk på klokka sa noko heilt anna. Ein har denne sitringa i kroppen når det er kamp om livsviktige 3 poeng. Ein er rastlaus, nervøs og småkvalm for kva so skal skje. Det er faktsik den same kjensla eg hadde når eg var aktiv sjølv og skulle spela viktige kampar. Det er akkurat på same viset. Vaknar med klamme nevar, småsveitt og nervøs. Låg i senga til klokka ringde 06.45. Prøvde å få sova litt til, men ikkje fan. Låg berre og rista, og hadde kampen i bakhovudet heile tida. Lurar på korleis spelarane har det? Eg trur ikkje dei har det verre enn meg. Det er nesten so ein skulle fått tak på ein mental trenar so kunne fått vekk desse tankane. Tankane om konsekvensar. Kva skjer viss ditt og datt skjer? Ein kan bli grøn i trynet av mindre. Uanlell so kom eg meg i dusjen då klokka ringde. Eg har berre 10 minuttar å gå til Skysstasjonen sidan eg bur rett bak Stedje Kyrkje. Det vil seie at eg når rundt heile bygdi på 10 minuttar kjapp gange. Eg tok på meg drakti og skjerfet og fann ut at eg hadde god tid til bussen gjekk. Klokka var 07.40 då eg kom ned og ein so sikkert har det like jævlig so meg på kampdag kom samstundes. Me fekk lasta opp både tromma og ein del flagg so me hadde hatt inn på Taxisentralen dagen før, so var me på veg. Vart ein del stopp på vegen for å plukka opp andre saftkokarar på vegen og etter Gol so var me 15 personar ombord. Turen nedover Hallingdalen gjekk fint og det var god stemning ombord. Me ankom Lillestrøm 13.40 og fann oss til rette på Kulturpuben. Av ein eller annan grunn so ville ikkje Kanarifansen ha oss på Martins denne gongen. Me har alltid vore velkomne der før. Uanlell so nærma det seg kampstart og me reiste opp til Åråsen 17.00 etter at folk hadde fått i seg både vått og turt.

Kampen er ikkje so mykje å skriva heim om då me tapte 0-1 etter skoring i nest siste minutt av Frode Kippe. Du veit det har vore ein dårleg kamp når han blir matchvinnar. Me gjer igjen nokon uforklarlege byter på tampen slik at me mistar initiativet i kampen og Lillestrøm får gjere akkurat so dei vil. Difor tapar me. Det vart ein seig tur heim og det mest spennande so skjedde var nokre heftige vindkuler på Hemsedalsfjellet. Kom meg i seng litt over 02.00. Takk for turen.

Må takka alle so tok turen til Åråsen og var med oss å støtta karane. Bjørn Inge Utvik kom bort rett etter kampen og tok meg i handa og takka for støtta og sa eg måtte vidareformidla takken til alle so var der.

Til helga er det Sarpsborg 08 heima. Håpar so mange so mogleg har sjans å ta turen for og støtta laget. Me treng all hjelp me kan få framover for å berga plassen. Saftkokaradn har i tillegg sett opp buss mot Strømsgodset i Drammen den 29.oktober. Sleng deg med. Me har det kjekt på tur.

Snakkast. SNP

Blogg 3. Landslagspausen endeleg over.....

Ja, endeleg er landslagspausen over. Det er so kjedeleg med desse lange opphalda frå Eliteserien, Premier League og europeiske klubbturneringar. Ein burde kanskje ha snudd på det og blitt flinkare til å støtta opp om landslaget slik at det hadde blitt meir folk på Ullevål. Men all den tid NFF ikkje giddar å flytta landskampar ut av Oslo, so blir det ikkje meir folk på kamp. Hadde ein klart å flytta litt rundt på kampane so hadde folket kunne tatt meir eigarskap i landslaget, og eg er sikker på at det hadde kome meir enn 10.244 tilskodarar mot Nord-Irland viss kampen hadde gått i Bergen eller Trondheim, sjølv om kampen var av lita interesse sett med norske auger. Det er heilt greit at me nyttar Ullevål når me møter dei store nasjonane slik so Tyskland, men kunne ikkje me spelt i Trondheim mot Aserbaidjan til dømes? Sjå på Spania. I denne kvalifiseringa spelte dei mot Liechtenstein i Leòn med 12139 tilskodarar, mot Makedonia i Granada med 16622 tilskodarar, mot Israel i Gijon med 20321 tilskodarar, mot Italia i Madrid med 73628 tilskodarar og mot Albania i Alicante med 25937 tilskodarar. Altso spelar dei kampen mot ein stor nasjon på ein stor stadion, elles flyttar dei på alle kampane sine i kvalifiseringa.

Det ser noko lysare ut for Noreg etter 2 sigrar mot San Marino og Nord-Irland. Spelet er ein del betre og no jobbar dei for kvarandre. Under Høgmo so var det 11 egoistar so jogga rundt og kun tenkte på seg sjølv. No ser det ut til at dei står samla so eit lag og det er verkeleg noko å bygga vidare på fram mot EM-kvalikken til 2020. Interessant konsept denne gongen med at EM skal arrangerast rundt om i heile Europa i høve turneringa sitt 60.års jubileum. 24 lag skal spela i 13 forskjellige land og byar. Brüssel, Budapest, Bilbao, København, Glasgow, St.Petersburg, Baku, Dublin, Bucuresti, München, Roma, Amsterdam og London. Semifinalane og Finalen skal gå i London, mens gruppespelet, 8-dels og kvartfinalane skal gå rundt om i heile Europa. Eit spennade konsept, men eg er litt usikker på supportarlogistikken og korleis folk skal flytte seg rundt heile Europa på kort varsel når ein kjem til utslagningsrundane. Kanskje har UEFA ein plan med det?

Til helga er det endeleg klart for ein ny runde i Eliteserien att. Det byrjar å dra seg til i botnen og spenninga er til å ta og føla på. Sogndal skal ut i kamp mot Lillestrøm SK på utebana søndag. Me er ein liten gjeng so tek turen frå Sogndal og so håpar me alle sogningar på Austlandet tek turen til Åråsen for å støtta Sogndal i jakta på 3 poeng. Samlingsplass på Lillestrøm før kampen blir Kulturpuben på Lillestrøm. Hugs at kampen har avspark 18.00. Elles so er det 2 andre botnoppgjer denne helga. Kristiansund tek i mot Viking, sølv om eg trur Viking er ferdige. Og so tek VIF i mot Aalesund i Oslo.

I morgon spelar Vålerengens IF hengekampen sin mot Haugesund på Intility Arena. Eg håpar Arild Flesjå og kompani kan gi oss ei hjelpande hand, slik at VIF framleis blir verande i botnen. Attende til stadionnamnet til VIF. Her har dei altso ikkje hatt eigen stadion sidan klubben vart stifta for 104 år sidan, og so sel dei namnet på stadion med ein gong? Kva hadde ikkje vore betre enn å halde på Vålerenga Stadion so namn, og so kunne dei ha selt ut namna på tribunene slik so til dømes Sogndal, Brann og Rosenborg har gjort? Det ville generert like mykje inntekter so å selgja heile stadion. Her er VIF avhengig av å byggja identitet og so sel dei den vetle sjela dei har klart å få på stadion sin etter vèl ein månad. Stakkars folk. Og NRK kjem til å omtala da so "og på stadion til VIF har.....".

Lokalt her i Sogn so spelar Kaupanger sitt damelag seriefinale mot Fyllingsdalen på Kvednhushaugen søndag 15.oktober kl.14.00. Alle so ikkje har tenkt seg til Lillestrøm blir oppfordra til å kle seg i grønt og støtta damene på Kaupanger i jakta på opprykk. Lukke til.

Snakkast. SNP

PS. Laurdag spelar Liverpool mot Manchester United på Anfield kl. 13.30. Det er klink H. God kamp.

Bruk gjerne kommentarfeltet viss du er ueing med meg i noko. Du kan skriva anonymt.

Blogg 2. Ei fotballhelg med blanda kjensler.....

Nok ei fotballhelg er over og Sogndal spelte heimekamp mot Molde. Det vart uavgjort og 2-2 etter at me leia 2-0 etter scoringar av Mandic og Nkwali. Sistnemnde kanskje årets mål på Fosshaugane. Viss du hadde gitt meg eitt poeng før kampen, so hadde eg mest truleg takka ja til det. Eg var faktisk skikkeleg skuffa etter kampen i går. Når ein leiar 2-0 på heimebane so skal me vinna. Det skjedde mot Brann i vår og det skjedde att i går. Bendik Bye fekk sjansen på topp i fråveret av Ramsland og Schulze og han bar preg av at han er for lite involvert på dette nivået. Når han kjem åleine, på stillinga 2-1 til Sogndal, rett før pause so skal det vere mål. Istadenfor går ballen i stolpen og Molde utliknar på overtid av 1.omgang til 2-2. Her kunne me gått til pause med 3-1 og me hadde hatt kampen i lomma. I 2.omgang kjem Bendik i same situasjon. Hadde han holdt hovudet kaldt so kunne han berre ha trilla ballen på tvers av feltet, so hadde Mandic vore på blankt mål. Men han går for avslutning sjølv og set den utanfor ved lengste stolpe. Dei 2 bommane der vart matchavgjerande og alle 3 poenga burde ha blitt att på Fosshaugane.

Elles so gjorde Sogndal eit byte rett etter pausen der dei bytta Fredriksen med Wæhler. Sjansespel å setta innpå ein halvskada Wæhler og det gjekk rett vest. Wæhler måtte ut eit kvarter før slutt. Då hadde benken kasta vekk 2 byter på midstoggarar, når ein skulle prøva å jaga eit vinnarmål. Unødvendig.

No er det særs jamnt i botnen av tabellen. Kristiansund tok ein overbevisande siger mot eit ekstremt tafatt Brann i Bergen på fredag. Såg ut so Brannspelarane hadde sykla alle distansane under Sykkel-VM. I tillegg so tapte dei mot Vålerenga i forrige runde slik at me får inga hjelp frå byn. Elles so vann Tromsø, mens Aalesund og Vålerengens IF tapte, slik at runden vart ikkje heilsvart. Eg trur Aalesund sler følgje med Viking ned ein divisjon. Eg håpar Vålerenengens IF hamnar på kvalikk, men trur Tromsø tek den plassen.

Neste helg er det landslagspause med San Marino borte på torsdag og Nord-Irland heima på Ullevål søndag. Håpar so mange so mogleg har sjans å reisa og støtta våre beste menn. Det er venta 2300 tilreisande frå Nord-Irland til denne kampen so me må prøva å gi dei litt kamp på tribuna.

Må få senda ein takk til Tornekrattet so var med å setta farge på bygdi både laurdag og søndag. God stemning og kjekke folk.

Snakkast. SNP