Blogg 1. Oppstart og kva retning dette skal ta.......

Ja, då har eg kasta meg ut i bloggverda. Eg er sjølv litt usikker på kva retning denne bloggen kjem til å ta, men den kjem til å handla mest om det å vera fotballsupportar i kombinasjon med å vera sambuar og far til 2. Det er ein vanskeleg kombinasjon, men det fungerar. Og so håpar eg at mange kan kjenna seg att i bloggen og at ein kan dela erfaringar.

Eg har i tillegg eit par verv knytt opp til hobbyen min, so óg tek ein del tid. Eg er pr. no Leiar i Saftkokaradn, supportarklubben til Sogndal Fotball og so er eg styremedlem i Norsk Supporterallianse, ein paraplyaorganisasjon for supportarklubbane i Noreg.

Mitt favorittlag her i Noreg er sjølvsagt Sogndal sidan eg er fødd og oppvaksen her. So er eg samstundes TV-supportar av Liverpool FC. Men eg er eigentleg interessert i alt so har med fotball å gjera. Det kan vera dei gode historiane frå lokalfotballen, når ein reiste rundt på fotballturneringar so gutunge, på bortekamp for å følgja Sogndal, på supportarseminar med NSA eller Supporters Direct Europe eller ein runde for å sjå fotball ute i Europa. So kan ein óg ligga på sofaen og lesa gode reportasjar frå Josimar.

Håpar lesarane taklar å lesa på nynorsk då det er skriftspråket mitt. Eg tek sikte på å skriva på bloggen 1 til 2 gonger i veka, og då primært opp til helga og rett etter helga.

Til helga spelar Sogndal heimekamp mot Molde på søndag klokka 18.00 på Fosshaugane. Det kjem nokre vener av meg på laurdagen frå Tornekrattet so ein lyt stad å treffa. Kjekke folk da. Me i Saftkokaradn har ein butikk på Sogningen Storsenter so me prøvar å halde ope kvar laurdag når det er heimekamp. Tek litt dugnadsjobbing der då. Kom innom for ein kaffi og ein fotballprat. No trur eg fruen og jentungen skulle til frisøren laurdagen, so då får eg med meg William på snart 3 år so assistent. Skal tidleg krøkast so god krok skal bli.

Og so får me håpa at alle poenga blir att i Verdas einaste Eliteseriebygd på søndag.

Snakkast. SNP

6 kommentarer

Jonnyen

28.09.2017 kl.14:37

blir spanande å følja dinja bloggen, rekna no med du kjeme innom The Boss og :-)

Vadseth

28.09.2017 kl.14:52

Ja, blir vel vanskeleg å komma utanom. :-)

Fredik

28.09.2017 kl.20:38

Herlig, Vidar! Gleda meg til å følge denne bloggen!

Vadseth

28.09.2017 kl.20:49

Ja, da gjere eg óg.??????

29.09.2017 kl.15:28

Er ikke du redde at fotballsupportarogfartil2ogblogger blir endå vanskeligere til å kombinere, Vidar? Ønsker deg lykke til og skal sikkert kommer til å følge med...God helg og kos deg med Moldesupportare.

Vadseth

30.09.2017 kl.08:57

Blogging har lukkelegvis ikkje noko terminlista å følgja. Kan skriva kvar so helst og når so helst.

Skriv en ny kommentar

Vadseth

Vadseth

38, Sogndal

Kategorier

Arkiv

hits