Blogg 5. Om Sognahallen, kretsmeistarar og ein forferdeleg fotballkamp på Nordfjordeid med Fjøra FK.

Sognahallen opna hausten 1998. Den vart ein revolusjon for lokalfotballen i Sogndal og omegn. No slapp ein å trena på ei botnfrosen grusbana vinterstid, og ein kunne trekka innomhus og under tak i småvarme 15 grader vinterstid. Eg hugsar godt gamle grusbana med is på sidene og beinkaldt langt inn i ryggmargen pga Dalatrekken. Men jaggu vart det gode fotballspelarar av oss óg. Og mange av oss so var fødd på 70-talet vart landslagsspelarar på aldersbestemt. I tillegg til grusbana so hadde me mange løkker rundt om i Sogndal. Det var nemleg strengt forbode å trena uorganisert på gras frametter 80- og 90-talet. Men trur du ikkje me prøvde oss lell? Var moro heilt til ein eller annan i SIL kom springande. Då var me allereie over alle haugar. Det kunne gå ei veke eller so før me prøvde oss att. Då var me på Røvhaugane, Haugen, Leikeplassen, Sauaperlao på Kvåle, bak Sogndal Idrettshall, Helgheim, Ulvahaugen, Stedje, Bana attmed billaget eller på asfalten i Trudvang. Jøsses for ei herleg tid. Blir varm om hjartet når eg tenkjer på det. Det var opp tidleg om morgonen når ein skulle på skulen. Måtte vera på Trudvang seinast 07.45 skulle ein få vera med på Storabanao. Då var det alltid dei 10 eller 12 første so fekk vera med. Og då spelte me til klokka ringte inn 09.00. Me hadde nokre enkle køyrereglar so alle vart indoktrinert i etter kvart so ein vaks til og fekk vera med i det store selskap. Etter skulen var det heimatt og få i seg middag før ein reiste(for min del) på Røvhaugane. Leksene vart kun prioritert når det var for mørkt å spela fotball ute. Flomlys var det kun på Leikeplassen i Rutlinslid. Eller flomlys er ei stor overdriving. Det var 2 lyspunkt so ein såg nokolunde. Ja, det er sanninga. Og på Røvhaugane var ein til det vart for mørkt å spela meir. I all slags vér. Buddleregn, sludd, snø, gjørmehav og sjølvsagt sol. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg måtte kle av meg på trappa heima i Klippavegen fordi mor mi nekta å sleppa meg inn med kleda full i gjørma. Og so måtte eg stå og spyla kleda med hageslangen etterpå før eg fekk komma inn. Eg høyrer foreldre klagar over at dei får so mykje gummigranulat i hus pga kunstgraset ungane spelar på i dag. Hahahahaha, eg trur de skal vera glad for at da ikkje er verre.

I dag spelar ungane innomhus og i varmegrader og vindstilla heile vinteren. Eg prisar meg lukkeleg over at me endeleg kan bruka Kvåle heile hausten og vinteren so lenge veret tillet det. Då kan endeleg ungane få litt vind i håret og bli gjennomblaute. Det har dei berre godt av. Kva skjer viss ein skal ut på Bryggja å spela Kretsfinale mot Måløy i 0 grader og sludd? Måtte sjølv spela der ein gong fordi vegen var stengd av ras, og me måtte ta båt i frå Stårheim til Bryggja for å få gjennomført kampen. Me rauk sjølvsagt 4-2, men tok dei 4-0 heima. Etter at me fekk storhallen har ungane blitt nokre pyser. Det er berre å sjå på statistikken. I år har me hatt Sognahallen i 19 år. Sidan den gong har Sogndal vunne KM-tittelen 2 gonger for Gutar og 2 gonger for Smågutar. Viss ein reknar seg attende i tid, frå 1998 og 19 år attende, so vann Sogndal 7 gonger for Gutar og 7 gonger for Smågutar. Tilfeldig? Eg trur ikkje det. Statistikken på jentesida er noko jamnare i dei same årsklassane, men no var det ikkje mange jenter so var med oss gutane på løkkene heller. Og dei få jentene so var med so trur eg over halvparten av dei vart landslagsspelarar på aldersbestemt. Og alt har ein ende. Med opninga av Sognahallen so vart det slutt på bruken av alle løkkene rundt om. Naturen tok over og no veks graset hoftehøgt kvar sommar rundt om i bygda. Det er ei trist utvikling. No skal alt organiserast og spør du ein 12-åring i Sognahallen med ballen under armen om han spelar mykje Proff og Loff eller 21, so ser han berre dumt på deg. Gjer dykk sjølv ei tenesta. Set i stand den lokale løkka dykkar. Slik at det freistar ungane å nytta den. Og so kan de lata vera å køyra ungane i Sognahallen for å aktivisera dei. Då får ein betre fotballspelarar og ungar i betre form. Bruk gjerne kommentarfeltet viss du er ueinig eller einig med meg.

 

Og so har eg ei historia til slutt i dag. Då eg spelte for Fjøra FK i 1998 so skulle me opp på Nordfjordeid å spela mot Eid. Me måtte difor ta ferja frå Anda til Lote. Eg vart sittande i bussen under overfarten, men kjende likevel at eg burde vore på dass. So rett før ankomst Lote so var eg so trengde at eg var berre nøydd å gå. Eg tenkte at viss me kjem i land før eg var ferdig so venta bussen på ferjekaien. Eg kom ut på ferja etter endt oppdrag, og der var sjølvsagt ingen buss. Ikkje stod den inne på land heller. Kva fan gjere eg no? Gjekk no i land og vandra mot den siste busstoppen før tunnelen. Det var 3 kvarter til neste ferja og då fekk eg problem med å rekka kampstart. Etter å ha venta i 20 minuttar kom det endeleg ein bil. Samstundes hadde Oppmann Kai funne ut at det var ein bag til overs i bagasjerommet på bussen. Eg fekk haik med ein lokal bonde so skulle på ølutsalet på Nordfjordeid. Han køyrde ein beige Toyota Hiace. Eg er sikker på at han har brukt bilen til å køyra sauer i, for det lukta noko hinsides. Trur faktsik nokre sauer hadde sjøldaua bak i der óg. Og takk gud for ølutsalet på Eid. Rakk kampen. Uanlell. Me spelte ein strålande kamp og leia fortent 4-0 når det var spelt 1 time. Men då gjekk me av bana, nesten bokstaveleg talt. På 28 minuttar so snur Eid kampen og vinn 5-4. Frode Taklo scorar hattrick. 2 av dei på hovudet. For dei so veit kven han er so er det ikkje hovudspelar det første du tenkjer på når du ser han. Ein svart dag i historia til Fjøra FK.

På søndag spelar Kaupanger sitt Damelag opprykkskamp på Kvednhushaugen mot Tromsdalen kl.12.00. Vinn dei den kampen er dei klare for opprykk til 1.divisjon. Etter ein strålande kamp borte mot Hønefoss sist, der dei vann 4-0, so inviterar heile Kaupanger på folkefest på Skogen førstkomande søndag. Her bør kaupingane og sogndølene komma og heia dei fram til siger. Kan me håpa på publikumsrekord? Skal me sei 1000 tilskodarar? Det fortenar dei. Møt opp og kle deg i noko grønt!

Snakkast. SNP

 

 

Én kommentar

Daniel Lerum

25.10.2017 kl.14:39

Jævla bra :) kjenner meg igjen i mykje av dette!

Skriv en ny kommentar

Vadseth

Vadseth

38, Sogndal

Kategorier

Arkiv

hits