hits

Blogg 6. Om Kosovo, fotballfri og britiske soldatar.

I august 1998 so reiste eg i militæret. Eg hadde eigentleg søkt meg til Sjøforsvaret på begge vala mine etter sesjon, men eg hamna i Telemarks Bataljon, so den gongen låg på Kongsberg, av alle ting. Eg visste jo godt kva TmBn var og hadde høyrt at det var ei sinnsjuk hard teneste.  Difor hadde eg ikkje særleg lyst å bli der so veldig lenge. Såg eigentleg føre meg ei slakk teneste Og med tanke på at eg ikkje kjende nokon der, so var heimlengten stor. Men unge Vadseth er ekstremt tilpasningsdyktig, so det gjekk seg til etterkvart. Eg hamna på rom med greie folk, og eg trur eg var grei med dei óg. Mange hadde sjølvsagt problem med dialekta mi, og eg nekta på kniven å legga om. Martin Leira so låg på same 4-manns rommet so meg hadde ei bestemor frå Hyllestad i Ytre Sogn, so han fungerte so tolk. Troppsjefen min, Øyvind Ravndal, kom i frå Voss, so me skjønte kvarandre godt óg. Allereie då pleide eg å stikka meg fram og kom lett i kontakt med folk, og eg trur det var difor at troppen ville ha meg so tillitsmann. Eit verv eg hadde i nesten 2 år.

Til jul so fekk me so var att i Troppen tilbod om å skriva kontrakt med TmBn. At ein då vart ein verva soldat. Planen då var at kompaniet mitt, KpC, skulle avløyse kompaniet so då var i Sarajevo i Bosnia i SFOR-styrken. Eit stortingsvedtak rundt mars 1999 sette ein stoppar for det. Då vedtok Stortinget at Noreg skulle senda ein heil bataljon til Kosovo for å vera Noreg sitt bidrag til KFOR-styrken. Dette skulle då bli den største utanlandsstyrken Noreg har sendt ut etter Tysklandsbrigaden i etterkrigsåra. Forøvrig kan eg nemna at farfar min tenestegjorde i Tysklandsbrigaden der han var stasjonert litt nord for Hannover. Pga forandringane i planane so vart me no sett til eit oppdrag so var meir omfattande enn det me eigentleg skulle på. Fordelen til kompaniet vårt var at me var byrja å bli veldig godt drilla saman, og på dette tidspunktet kjende kvarandre godt. Avreise vart satt til månadskiftet august/september 99.

For meg var det ikkje enkelt å velgja vekk fotball og Sogndal og trygge omgjevnadar heime. Men eg hadde eit inderleg ønskje akkurat då om å gjera ein innsats for verdsfreden. Og eg følte at eg og mine soldatkameratar var godt førebudd til å løysa oppdraget, og eg stolte 100% på alle mann. Me var veldig trygge på oss sjølve. Avgjerdsla førte til at eg mista haustsesongen 1999 og halve vårsesongen 2000 so Sogndalsupportar.

Sidan me var del av den første kontigenten i Kosovo so var det veldig lite infrastruktur i leiren vår. Den låg ca 8 km nord for Pristina på eit utbomba industriområde i nærleiken av ein landsby so heiter Lebane. Dei 3 første månadane budde me stort sett i telt og lokalt hjå innbyggarar i dei forskjellige serbiske landsbyane me skulle beskytta. Kjem aldri til å gløyma pannekakene til Dusan. Dusan var ein mann i slutten av 50-åra so hadde det største huset i Lebane landsby. Me hadde OP på øverste altanen i huset hans. Han elska sjakk, pannekaker med sirup og slivowitz.

Moglegheiten for å få sjå fotball var minimal. Sidan me ikkje hadde leiren oppe å gå endå, so var det dårleg med TV og kanalar å velgja i. Men eg vart god kamerat med grenader Dahl i troppen min, og han var like interessert i Liverpool so eg var. Grenader Dahl var den so hadde ansvaret for køyretøya i troppen vår, slik at han kunne rekvirera det han ville når han ville. Når me begge hadde fri so køyrde me ned i ein britisk leir so låg mellom Pristina og Kosovo Polje. Me hadde høyrt rykte om at dei hadde Sky Sports på storskjerm der. Og det var bingo på første forsøk. Endeleg hadde me funne oss ein trygg plass å sjå fotball, og i tillegg var det godt å kome ut av eigen leir og ned til britane. Det stod alltid mat framme og det hendte jo at me vart matleie og det var godt å få flesk og bønner hjå britane. Det vart mange turar ned der. Og so bytte me på kven so fekk ta seg 2 halvliterar til kampen. 2 halvliterar i døgnet, viss du hadde fri, var grensa for oss norske soldatar der nede. Såg ikkje ut so britane hadde noko grense. Eine gongen braut det ut fullt slagsmål i barteltet mellom Liverpool og Unitedsupportar. Jøsses. For eit liv. Militærpolitiet fekk nok å gjera og det vart temmaleg mange i kakebua etterkvart. Moro for oss 2 so var fluga på veggen.

2 andre karar i kompaniet so óg var veldig fotballinteresserte var Martin Meyer og Erik "Gryta" Grytnes. Sistnemnde er no blitt kjendis gjennom "Jakten på kjærligheten" på TV2. Her er han ein av bøndene som søkjer etter kjæreste. Meyer er Tottenhamfan, mens Gryta er Chelsea. Etter at me fekk baren opp å gå i leiren vår so vart det mange fotballkampar med desse 2. Me reiste óg på 60-timars Leave til Thessaloniki, Hellas. Her var me på kamp med Aris Saloniki. Det var eit flott avbrekk i ein krevande kvardag. Me hadde berre 2 10-dagars permisjonar og ein 60-timars Leave på den tida eg var der nede. Eine gongen eg var heime på ein 10-dagars permisjon so skar alt seg på veg ned att. Forsvaret hadde charterfly so gjekk mellom Gardermoen og Skopje i Makedonia. Veret på Haukåsen kan ein ikkje stola på so eg mista flyet i Oslo. Då måtte ein ringa transportoffiseren so måtte ordna med nye flybillettar. Vart ein bra tur. Sogndal - Oslo - København - München - Thessaloniki. Og so taxi frå Thessaloniki til Skopje. Stod 2 karar og venta på meg i Hellas for å køyra meg til Makedonia. Artig oppleving for ein 21-åring frå Sogndal.

Eg skal koma attende med meir seinare i frå tida i Kosovo når eg har fått snakka med nokon av mine medsoldatar om kva eg kan skriva. Det er kanskje ikkje alt folk har lyst å ha på trykk. Det skjedde so mykje at eg sikkert kunne ha skrive ei bok. Hugsar mykje av det endå sjølv om det byrjar å bli snart 20 år sidan me var der nede. Hahaha, ja. Eg var jo på kontroll på Rikshospitalet i Oslo i går. Der jobbar det ikkje mindre enn 22.000 personar. Då møtte eg på Morten Havdal. Han var Troppsass. i troppen min. Eg visste han jobba der, men det er jo ein gedigen arbeidsplass. Han kunne fortelja at han var handkirurg og var kollega med Dr.Hestmo so opererte meg. Fekk ein gratiskonsultasjon i Glassgata av Troppsass'en. Artig gjensyn.

Det var alt for no. Snakkast. SNP

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar