hits

Blogg 7

Me skriv 12.januar 2018. Sogndal er eit OBOS-lag. Me skal spela mot Florø i år. I serien. Me har ikkje møtt eit lag frå eige fylke i serien sidan 1976. Blir moro det. Eg likar Florø eg. Mykje kjekke folk. Sidan eg vart i lag med fruen i 1999 so har det blitt ein haug med turar til kystbyen. Og eg har fått mange gode kameratar der so alltid er kjekke å helse på. Og ein er alltid hjarteleg velkomen hjå Kåre'n på Bua. Saftkokaradn fekk julehelsing frå Stimen i fjor. Tippar dei gledar seg like mykje so oss å spela mot kvarandre. Det blir 2 kjekke helgar. 1.Juli i Florø og 19.august i Sogndal. Dei helgane er allereie sett raud ring rundt. Då er me klar. Og det håpar eg heile fylket er óg.

Saftkokaradn gjer seg klar til ein ny sesong. Sjølv om det ikkje blir spelt teljande kampar, so er det no ein verkeleg gjer mykje arbeid. Me er 3 damer og 4 menn i styret og me elskar Sogndal. Dette er frivillig arbeid, og me gjer det fordi me elskar Sogndal og me vil at Sogndal skal ha ein oppegåande supportarklubb so støttar laget både på Fosshaugane og på utebana. Me skal vere ein solid bidragsytar for at spelarane skal kunna gi det beste dei har ute på bana. Men dette kostar. Me lev frå hand til munn, men me brukar ikkje meir pengar enn det me har. Viss me set opp buss, og ser me går mange 1000 i minus, so avlyser me turen fordi me ikkje vil gå dukken. Den klart største inntektskjelda vår er medlemsavgifta. Men me kunne godt tenkt oss både sponsorar og støttemedlemmar. Difor har me i år opna for at ein kan kjøpa støttemedlemsskap i Saftkokaradn. Du kan sjølvsagt bidra med so mykje du vil viss du tykkjer me gjer ein bra jobb, men støttemedlemskapet kostar 100,- og det vert sett umåteleg stor pris på. Det er også mange so kjøper vanleg medlemskap til 250,-, men so har tilhaldsstad andre plassar på stadion enn bak målet med oss. Det står det respekt av. Støttemedlemskap og medlemskap får ein betalt med VIPPS på 99379 eller kontonr. 3720.16.03588. Alle bidrag blir lovprisa.

Me har mange personar i denna bygdi so gjer mykje ekstra for både fotballen, men óg andre friviljuge organisasjonar. Utan desse friviljuge hadde mange av oss ikkje hatt eit fritidstilbod. Og borna våre hadde heller ikkje hatt eit tilbod. Det er viktig med engasjement. Og det er viktig at ein har noko ein brenn for. Det er gratisarbeid, men kjensla ein får av å gleda andre er ubetaleleg. Ingenting kan måla seg med det. Difor er det viktig at ein pratar godt om dei so gjer litt ekstra for at andre skal ha det bra. Ta politikarane våre til dømes. Dei har vore gjennom ei knalltøff tid der dei har behandla kanskje den tøffaste saka i Sogndal Kommune gjennom tidene det siste året. Det er knalltøft. Det har vore ei tung sak, og enormt med sakspapir og gå igjennom. Dette er vanlege folk so meg og deg so antakeleg har brukt all si fritid på å setta seg inn i saka med x-antal timar med lesing av dokument. Det er nesten ein Urias Post, men nokon må gjera jobben. Nokon må ta eit tak for at me andre so sit på utsida skal ha det bra. Tenk deg godt om sjølv. Kva brenn du for? Kven har du lyst å ta i eit tak for? Alle sit inne med ein eller annan form for kompetanse so ein eller annan friviljug organisasjon har bruk for. Engasjer deg til det beste for dei rundt deg og for at alle i denna bygdi kan ha eit tilbod om eit eller anna so interesserar dei.

Me i Saftkokaradn óg har folk so engasjerar seg. So gir litt ekstra for at me andre skal ha da bra. Ein av dei mange heiter Njål Sire. Han driv med musikk og har laga ei supportarlåt til oss i Saftkokaradn. Han fekk bandet sitt, Ivar and The Happy Lundefugls, til å spela inn låta, og so har eg og Therese Blomberg Flæte i Saftkokaradn vore med og kora. Marita Myklemyr Holen har stemma du får gåsehud av i midtpartiet. Jonn Erik Aasen, Ivar Bruheim og underteikna har vore samtalepartnarar etter kvart so låta har skrede fram. So har eg laga ein video med stillbilder til låta so er henta frå Facebooksida til Saftkokaradn. Bileter so er delt av medlemmane. Håpar de likar låta. Tusen takk Njål frå alle oss i Saftkokaradn.


 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar