hits

oktober 2017

Blogg 5. Om Sognahallen, kretsmeistarar og ein forferdeleg fotballkamp på Nordfjordeid med Fjøra FK.

Sognahallen opna hausten 1998. Den vart ein revolusjon for lokalfotballen i Sogndal og omegn. No slapp ein å trena på ei botnfrosen grusbana vinterstid, og ein kunne trekka innomhus og under tak i småvarme 15 grader vinterstid. Eg hugsar godt gamle grusbana med is på sidene og beinkaldt langt inn i ryggmargen pga Dalatrekken. Men jaggu vart det gode fotballspelarar av oss óg. Og mange av oss so var fødd på 70-talet vart landslagsspelarar på aldersbestemt. I tillegg til grusbana so hadde me mange løkker rundt om i Sogndal. Det var nemleg strengt forbode å trena uorganisert på gras frametter 80- og 90-talet. Men trur du ikkje me prøvde oss lell? Var moro heilt til ein eller annan i SIL kom springande. Då var me allereie over alle haugar. Det kunne gå ei veke eller so før me prøvde oss att. Då var me på Røvhaugane, Haugen, Leikeplassen, Sauaperlao på Kvåle, bak Sogndal Idrettshall, Helgheim, Ulvahaugen, Stedje, Bana attmed billaget eller på asfalten i Trudvang. Jøsses for ei herleg tid. Blir varm om hjartet når eg tenkjer på det. Det var opp tidleg om morgonen når ein skulle på skulen. Måtte vera på Trudvang seinast 07.45 skulle ein få vera med på Storabanao. Då var det alltid dei 10 eller 12 første so fekk vera med. Og då spelte me til klokka ringte inn 09.00. Me hadde nokre enkle køyrereglar so alle vart indoktrinert i etter kvart so ein vaks til og fekk vera med i det store selskap. Etter skulen var det heimatt og få i seg middag før ein reiste(for min del) på Røvhaugane. Leksene vart kun prioritert når det var for mørkt å spela fotball ute. Flomlys var det kun på Leikeplassen i Rutlinslid. Eller flomlys er ei stor overdriving. Det var 2 lyspunkt so ein såg nokolunde. Ja, det er sanninga. Og på Røvhaugane var ein til det vart for mørkt å spela meir. I all slags vér. Buddleregn, sludd, snø, gjørmehav og sjølvsagt sol. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg måtte kle av meg på trappa heima i Klippavegen fordi mor mi nekta å sleppa meg inn med kleda full i gjørma. Og so måtte eg stå og spyla kleda med hageslangen etterpå før eg fekk komma inn. Eg høyrer foreldre klagar over at dei får so mykje gummigranulat i hus pga kunstgraset ungane spelar på i dag. Hahahahaha, eg trur de skal vera glad for at da ikkje er verre.

I dag spelar ungane innomhus og i varmegrader og vindstilla heile vinteren. Eg prisar meg lukkeleg over at me endeleg kan bruka Kvåle heile hausten og vinteren so lenge veret tillet det. Då kan endeleg ungane få litt vind i håret og bli gjennomblaute. Det har dei berre godt av. Kva skjer viss ein skal ut på Bryggja å spela Kretsfinale mot Måløy i 0 grader og sludd? Måtte sjølv spela der ein gong fordi vegen var stengd av ras, og me måtte ta båt i frå Stårheim til Bryggja for å få gjennomført kampen. Me rauk sjølvsagt 4-2, men tok dei 4-0 heima. Etter at me fekk storhallen har ungane blitt nokre pyser. Det er berre å sjå på statistikken. I år har me hatt Sognahallen i 19 år. Sidan den gong har Sogndal vunne KM-tittelen 2 gonger for Gutar og 2 gonger for Smågutar. Viss ein reknar seg attende i tid, frå 1998 og 19 år attende, so vann Sogndal 7 gonger for Gutar og 7 gonger for Smågutar. Tilfeldig? Eg trur ikkje det. Statistikken på jentesida er noko jamnare i dei same årsklassane, men no var det ikkje mange jenter so var med oss gutane på løkkene heller. Og dei få jentene so var med so trur eg over halvparten av dei vart landslagsspelarar på aldersbestemt. Og alt har ein ende. Med opninga av Sognahallen so vart det slutt på bruken av alle løkkene rundt om. Naturen tok over og no veks graset hoftehøgt kvar sommar rundt om i bygda. Det er ei trist utvikling. No skal alt organiserast og spør du ein 12-åring i Sognahallen med ballen under armen om han spelar mykje Proff og Loff eller 21, so ser han berre dumt på deg. Gjer dykk sjølv ei tenesta. Set i stand den lokale løkka dykkar. Slik at det freistar ungane å nytta den. Og so kan de lata vera å køyra ungane i Sognahallen for å aktivisera dei. Då får ein betre fotballspelarar og ungar i betre form. Bruk gjerne kommentarfeltet viss du er ueinig eller einig med meg.

 

Og so har eg ei historia til slutt i dag. Då eg spelte for Fjøra FK i 1998 so skulle me opp på Nordfjordeid å spela mot Eid. Me måtte difor ta ferja frå Anda til Lote. Eg vart sittande i bussen under overfarten, men kjende likevel at eg burde vore på dass. So rett før ankomst Lote so var eg so trengde at eg var berre nøydd å gå. Eg tenkte at viss me kjem i land før eg var ferdig so venta bussen på ferjekaien. Eg kom ut på ferja etter endt oppdrag, og der var sjølvsagt ingen buss. Ikkje stod den inne på land heller. Kva fan gjere eg no? Gjekk no i land og vandra mot den siste busstoppen før tunnelen. Det var 3 kvarter til neste ferja og då fekk eg problem med å rekka kampstart. Etter å ha venta i 20 minuttar kom det endeleg ein bil. Samstundes hadde Oppmann Kai funne ut at det var ein bag til overs i bagasjerommet på bussen. Eg fekk haik med ein lokal bonde so skulle på ølutsalet på Nordfjordeid. Han køyrde ein beige Toyota Hiace. Eg er sikker på at han har brukt bilen til å køyra sauer i, for det lukta noko hinsides. Trur faktsik nokre sauer hadde sjøldaua bak i der óg. Og takk gud for ølutsalet på Eid. Rakk kampen. Uanlell. Me spelte ein strålande kamp og leia fortent 4-0 når det var spelt 1 time. Men då gjekk me av bana, nesten bokstaveleg talt. På 28 minuttar so snur Eid kampen og vinn 5-4. Frode Taklo scorar hattrick. 2 av dei på hovudet. For dei so veit kven han er so er det ikkje hovudspelar det første du tenkjer på når du ser han. Ein svart dag i historia til Fjøra FK.

På søndag spelar Kaupanger sitt Damelag opprykkskamp på Kvednhushaugen mot Tromsdalen kl.12.00. Vinn dei den kampen er dei klare for opprykk til 1.divisjon. Etter ein strålande kamp borte mot Hønefoss sist, der dei vann 4-0, so inviterar heile Kaupanger på folkefest på Skogen førstkomande søndag. Her bør kaupingane og sogndølene komma og heia dei fram til siger. Kan me håpa på publikumsrekord? Skal me sei 1000 tilskodarar? Det fortenar dei. Møt opp og kle deg i noko grønt!

Snakkast. SNP

 

 

Blogg 4. Nok ei fotballhelg er over. Og resultata var til å grina over.....

Ja, det vart ein seig tur heim frå Lillestrøm søndagskvelden. Skikkeleg tungt var det. Mest spennande var vindkulene på Hemsedalsfjellet.

Helga starta med familetur til Florø. Fruen var ferdig på jobb klokka 16.00, so ungane og eg hadde pakka ferdig bilen før me henta ho og sette kursen mot Palmekysten og den einaste byen i Sogn og Fjordane. Då me kom fram vart det skikkeleg god Bremanger-krabbe og hummar so svigers hadde fanga i rusene på Nødset. Dette var eigentleg ei travel fotballhelg, men me fek pressa inn litt familieliv. Sidan Liverpool - Manchester United gjekk på laurdag med kampstart kl.13.30 so måtte eg vera kreativ på logistikkfronten. Lukkelegvis har eg mange kjentsfolk rundt i fylket etter mange aktive år både med fotball og handball, og ut av det blå so var det ein gamal kjenning so skulle frå Florø til Vik i Sogn og dømma denne laurdagen. Avreise Florø var klokka 11 og eg rakk kampen med 5 minuttar. Kampen var akkurat so forventa. Liverpool spelte og United ville ikkje vera med å leika. Dei parkerte bussen og kampen enda 0-0. Kjedeleg.

Avreise Lillestrøm dagen etterpå var sett til 08.00. Det er so typisk at når ein skal ut på tur for å følgja laget sitt so slit ein med svevnen og vaknar grytidleg. 05.17 var klokka då eg slo opp augene. For det første trudde eg at eg hadde forsove meg, men eit kjapt blikk på klokka sa noko heilt anna. Ein har denne sitringa i kroppen når det er kamp om livsviktige 3 poeng. Ein er rastlaus, nervøs og småkvalm for kva so skal skje. Det er faktsik den same kjensla eg hadde når eg var aktiv sjølv og skulle spela viktige kampar. Det er akkurat på same viset. Vaknar med klamme nevar, småsveitt og nervøs. Låg i senga til klokka ringde 06.45. Prøvde å få sova litt til, men ikkje fan. Låg berre og rista, og hadde kampen i bakhovudet heile tida. Lurar på korleis spelarane har det? Eg trur ikkje dei har det verre enn meg. Det er nesten so ein skulle fått tak på ein mental trenar so kunne fått vekk desse tankane. Tankane om konsekvensar. Kva skjer viss ditt og datt skjer? Ein kan bli grøn i trynet av mindre. Uanlell so kom eg meg i dusjen då klokka ringde. Eg har berre 10 minuttar å gå til Skysstasjonen sidan eg bur rett bak Stedje Kyrkje. Det vil seie at eg når rundt heile bygdi på 10 minuttar kjapp gange. Eg tok på meg drakti og skjerfet og fann ut at eg hadde god tid til bussen gjekk. Klokka var 07.40 då eg kom ned og ein so sikkert har det like jævlig so meg på kampdag kom samstundes. Me fekk lasta opp både tromma og ein del flagg so me hadde hatt inn på Taxisentralen dagen før, so var me på veg. Vart ein del stopp på vegen for å plukka opp andre saftkokarar på vegen og etter Gol so var me 15 personar ombord. Turen nedover Hallingdalen gjekk fint og det var god stemning ombord. Me ankom Lillestrøm 13.40 og fann oss til rette på Kulturpuben. Av ein eller annan grunn so ville ikkje Kanarifansen ha oss på Martins denne gongen. Me har alltid vore velkomne der før. Uanlell so nærma det seg kampstart og me reiste opp til Åråsen 17.00 etter at folk hadde fått i seg både vått og turt.

Kampen er ikkje so mykje å skriva heim om då me tapte 0-1 etter skoring i nest siste minutt av Frode Kippe. Du veit det har vore ein dårleg kamp når han blir matchvinnar. Me gjer igjen nokon uforklarlege byter på tampen slik at me mistar initiativet i kampen og Lillestrøm får gjere akkurat so dei vil. Difor tapar me. Det vart ein seig tur heim og det mest spennande so skjedde var nokre heftige vindkuler på Hemsedalsfjellet. Kom meg i seng litt over 02.00. Takk for turen.

Må takka alle so tok turen til Åråsen og var med oss å støtta karane. Bjørn Inge Utvik kom bort rett etter kampen og tok meg i handa og takka for støtta og sa eg måtte vidareformidla takken til alle so var der.

Til helga er det Sarpsborg 08 heima. Håpar so mange so mogleg har sjans å ta turen for og støtta laget. Me treng all hjelp me kan få framover for å berga plassen. Saftkokaradn har i tillegg sett opp buss mot Strømsgodset i Drammen den 29.oktober. Sleng deg med. Me har det kjekt på tur.

Snakkast. SNP

Blogg 3. Landslagspausen endeleg over.....

Ja, endeleg er landslagspausen over. Det er so kjedeleg med desse lange opphalda frå Eliteserien, Premier League og europeiske klubbturneringar. Ein burde kanskje ha snudd på det og blitt flinkare til å støtta opp om landslaget slik at det hadde blitt meir folk på Ullevål. Men all den tid NFF ikkje giddar å flytta landskampar ut av Oslo, so blir det ikkje meir folk på kamp. Hadde ein klart å flytta litt rundt på kampane so hadde folket kunne tatt meir eigarskap i landslaget, og eg er sikker på at det hadde kome meir enn 10.244 tilskodarar mot Nord-Irland viss kampen hadde gått i Bergen eller Trondheim, sjølv om kampen var av lita interesse sett med norske auger. Det er heilt greit at me nyttar Ullevål når me møter dei store nasjonane slik so Tyskland, men kunne ikkje me spelt i Trondheim mot Aserbaidjan til dømes? Sjå på Spania. I denne kvalifiseringa spelte dei mot Liechtenstein i Leòn med 12139 tilskodarar, mot Makedonia i Granada med 16622 tilskodarar, mot Israel i Gijon med 20321 tilskodarar, mot Italia i Madrid med 73628 tilskodarar og mot Albania i Alicante med 25937 tilskodarar. Altso spelar dei kampen mot ein stor nasjon på ein stor stadion, elles flyttar dei på alle kampane sine i kvalifiseringa.

Det ser noko lysare ut for Noreg etter 2 sigrar mot San Marino og Nord-Irland. Spelet er ein del betre og no jobbar dei for kvarandre. Under Høgmo so var det 11 egoistar so jogga rundt og kun tenkte på seg sjølv. No ser det ut til at dei står samla so eit lag og det er verkeleg noko å bygga vidare på fram mot EM-kvalikken til 2020. Interessant konsept denne gongen med at EM skal arrangerast rundt om i heile Europa i høve turneringa sitt 60.års jubileum. 24 lag skal spela i 13 forskjellige land og byar. Brüssel, Budapest, Bilbao, København, Glasgow, St.Petersburg, Baku, Dublin, Bucuresti, München, Roma, Amsterdam og London. Semifinalane og Finalen skal gå i London, mens gruppespelet, 8-dels og kvartfinalane skal gå rundt om i heile Europa. Eit spennade konsept, men eg er litt usikker på supportarlogistikken og korleis folk skal flytte seg rundt heile Europa på kort varsel når ein kjem til utslagningsrundane. Kanskje har UEFA ein plan med det?

Til helga er det endeleg klart for ein ny runde i Eliteserien att. Det byrjar å dra seg til i botnen og spenninga er til å ta og føla på. Sogndal skal ut i kamp mot Lillestrøm SK på utebana søndag. Me er ein liten gjeng so tek turen frå Sogndal og so håpar me alle sogningar på Austlandet tek turen til Åråsen for å støtta Sogndal i jakta på 3 poeng. Samlingsplass på Lillestrøm før kampen blir Kulturpuben på Lillestrøm. Hugs at kampen har avspark 18.00. Elles so er det 2 andre botnoppgjer denne helga. Kristiansund tek i mot Viking, sølv om eg trur Viking er ferdige. Og so tek VIF i mot Aalesund i Oslo.

I morgon spelar Vålerengens IF hengekampen sin mot Haugesund på Intility Arena. Eg håpar Arild Flesjå og kompani kan gi oss ei hjelpande hand, slik at VIF framleis blir verande i botnen. Attende til stadionnamnet til VIF. Her har dei altso ikkje hatt eigen stadion sidan klubben vart stifta for 104 år sidan, og so sel dei namnet på stadion med ein gong? Kva hadde ikkje vore betre enn å halde på Vålerenga Stadion so namn, og so kunne dei ha selt ut namna på tribunene slik so til dømes Sogndal, Brann og Rosenborg har gjort? Det ville generert like mykje inntekter so å selgja heile stadion. Her er VIF avhengig av å byggja identitet og so sel dei den vetle sjela dei har klart å få på stadion sin etter vèl ein månad. Stakkars folk. Og NRK kjem til å omtala da so "og på stadion til VIF har.....".

Lokalt her i Sogn so spelar Kaupanger sitt damelag seriefinale mot Fyllingsdalen på Kvednhushaugen søndag 15.oktober kl.14.00. Alle so ikkje har tenkt seg til Lillestrøm blir oppfordra til å kle seg i grønt og støtta damene på Kaupanger i jakta på opprykk. Lukke til.

Snakkast. SNP

PS. Laurdag spelar Liverpool mot Manchester United på Anfield kl. 13.30. Det er klink H. God kamp.

Bruk gjerne kommentarfeltet viss du er ueing med meg i noko. Du kan skriva anonymt.

Blogg 2. Ei fotballhelg med blanda kjensler.....

Nok ei fotballhelg er over og Sogndal spelte heimekamp mot Molde. Det vart uavgjort og 2-2 etter at me leia 2-0 etter scoringar av Mandic og Nkwali. Sistnemnde kanskje årets mål på Fosshaugane. Viss du hadde gitt meg eitt poeng før kampen, so hadde eg mest truleg takka ja til det. Eg var faktisk skikkeleg skuffa etter kampen i går. Når ein leiar 2-0 på heimebane so skal me vinna. Det skjedde mot Brann i vår og det skjedde att i går. Bendik Bye fekk sjansen på topp i fråveret av Ramsland og Schulze og han bar preg av at han er for lite involvert på dette nivået. Når han kjem åleine, på stillinga 2-1 til Sogndal, rett før pause so skal det vere mål. Istadenfor går ballen i stolpen og Molde utliknar på overtid av 1.omgang til 2-2. Her kunne me gått til pause med 3-1 og me hadde hatt kampen i lomma. I 2.omgang kjem Bendik i same situasjon. Hadde han holdt hovudet kaldt so kunne han berre ha trilla ballen på tvers av feltet, so hadde Mandic vore på blankt mål. Men han går for avslutning sjølv og set den utanfor ved lengste stolpe. Dei 2 bommane der vart matchavgjerande og alle 3 poenga burde ha blitt att på Fosshaugane.

Elles so gjorde Sogndal eit byte rett etter pausen der dei bytta Fredriksen med Wæhler. Sjansespel å setta innpå ein halvskada Wæhler og det gjekk rett vest. Wæhler måtte ut eit kvarter før slutt. Då hadde benken kasta vekk 2 byter på midstoggarar, når ein skulle prøva å jaga eit vinnarmål. Unødvendig.

No er det særs jamnt i botnen av tabellen. Kristiansund tok ein overbevisande siger mot eit ekstremt tafatt Brann i Bergen på fredag. Såg ut so Brannspelarane hadde sykla alle distansane under Sykkel-VM. I tillegg so tapte dei mot Vålerenga i forrige runde slik at me får inga hjelp frå byn. Elles so vann Tromsø, mens Aalesund og Vålerengens IF tapte, slik at runden vart ikkje heilsvart. Eg trur Aalesund sler følgje med Viking ned ein divisjon. Eg håpar Vålerenengens IF hamnar på kvalikk, men trur Tromsø tek den plassen.

Neste helg er det landslagspause med San Marino borte på torsdag og Nord-Irland heima på Ullevål søndag. Håpar so mange so mogleg har sjans å reisa og støtta våre beste menn. Det er venta 2300 tilreisande frå Nord-Irland til denne kampen so me må prøva å gi dei litt kamp på tribuna.

Må få senda ein takk til Tornekrattet so var med å setta farge på bygdi både laurdag og søndag. God stemning og kjekke folk.

Snakkast. SNP